Hei!
Eg heiter Bent Eia. Eg er fødd i 1957, gift, og har ingen barn.
    
Eg har skrive dikt sidan ungdomsskulen. Det var diktinga til Jan Erik Wold som inspirerte meg. Seinare har eg sett opp til Inger Hagerup og Rolv Jacobsen.

Natur, filosofi, psykologi og mellommenneske-lege forhold er tema i lyrikken min. Eg har psykiske vanskar og har vore innlagt nokre gonger.

      
Eg har gjeve ut fem bøker.

Den første heiter:
”Veggane var for tjukke.”
Den er gjeve ut på eige forlag som heiter Tjednareid Forlag.
     
Den andre boka heiter:
”Der er ein planet.”

Den tredje boka heiter:
”Mine skjøre strenger.”

Den fjerde boka heiter:
”Me veks i spora våre.”
Dei blei gjeve ut på Commentum Forlag.
      
Så har eg mi nyaste bok:
”Puslespelbrikker.”
Den er gjeve ut på Lyrikkforlaget.




Viss du kjenner på
at eg har lånt
tankane dine
i dikta mine
har eg lukkast
eit stykkje på veg






© 2022 Lyrikaren Kontakt meg