Stacks Image 150


Bent Eia pendlar mellom draum og røynd i si fjerde diktsamling.
Tema i boka er filosofi, psykologi, mellommenneskelege forhold, natur og miljø.
Nokre av dikta synar at lyrikaren ikkje trur på nokon av dei gudane som er på marknaden.
Dei fleste dikta er frå det siste tiåret, men det er og pussa støv av eldre stoff.

Boka er illustrert av Aud Rye som bur i Oslo. Ho har tidlegare hatt sin eigen skule.
No undervisar ho i akvarellmaling i Europa.



Eg har ein stein
i sinnet mitt
Eg kiler han i to
Han forvitrar til jord
Det spirar
Eg veit at det vil bløma ein dag
Veit eg det?
Vonar eg berre?
Eg må seia til meg sjølv
at eg veit det
for å klara å gå vidare
Då vatnar eg spirene mine



Eg vandrar
på ein veg i mitt indre
Kjem du òg
på din veg
vonar eg
at desse vegane våre
blir til ein der framme
Eg ventar og vonar
Du held hjartet mitt
i hendene dine




Me veks i spora våre
Om me veks godt
kjem an på kor me går
og kva me gjer
Me kan velgja
veg, sti eller jomfrueleg terreng
Det kostar å laga
nye stiar
men det kan òg kosta
å gå beine vegen
Me veks i spora våre
© 2017 Magne Østby Contact Me