Mine skjøre strenger er Bent Eia si tredje diktsamling.
Den handlar om mellommenneskelege forhold, natur, filosofi og psykologi.

Dikta er stort sett skrivne på denne sida av årtusenskiftet.


Tittel: Mine skjøre strenger
Forfatter: Bent Eia
ISBN: 9788282332040
Format: 13x20 cm
Innbundet
Stacks Image 60



Draumane

Draumane kjem flygande
stilt som ei ugle
for ikkje å vekkja meg
Dei slår seg ned
på hovudet mitt

Nokre av draumane mine
skulle eg gjerne ha ynskt
hadde fast substans
men dei flyg så stille av stad
Æva

Æva er noko
som ikkje finst no,
for det som
blir fødd , lever og døyr
kjem i vegen for henne.

Først når alt som
kan bli borte ikkje er meir
kjem æva inn
som det einaste sanne.
Mine skjøre strenger

Strengane mine er spende
gjennom sinnet mitt.

Dei som spelar på dei
veit ikkje kor skjøre dei er.

Ikkje spel på
dei skjøre strengane mine
med ei gong.
Snakk med meg.
Kjærteikn meg.
Då blir strengane mine
sterkare.
© 2017 Magne Østby Contact Me