Stacks Image 74




Der er ein planet

ein stad mellom oss
bebudd
av ufødde draumar
som ventar i skumringa
på natt.

Ein planet
der havet er ei gåte
og landjorda
er svaret.  


"Der er ein planet" er sokndølingen Bent Eia si andre diktsamling.

Boka spenner frå det næraste til det fjernaste.
Tema er mellommenneskelege forhold, natur, miljø, uretten i verda, filosofi og psykologi.

Dikta er skrivne over eit langt tidsrom, frå 1979 til 2006.
Boka er illustrert av Aud Rye, som bur i Oslo.




Til hestehoven

Om sommaren og hausten
samlar du energi  frå sola
i grøne parabolblad.

Om våren
gjev du sola sin farge
til dei som
plukkar blomane dine
eller bare ser
på dette gule underet.

Livet er ein vakker blom
me skal gle oss over.
Du treng ikkje veta
alt botanikaren veit
for å gjera det.

Du kan sjå,
du kan lukta.
Men ikkje plukk
livet sin blom

© 2017 Magne Østby Contact Me