I den femte diktsamlinga til Bent Eia er emna stort sett kjærleik, natur, filosofi og psykologi.
Lyrikaren var alvorleg psykisk sjuk i 2018 og 2019. Dette har satt preg på ein del av dikta. Dikta er frå 2016 til 2020.
Boka er illustrert av Aud Rye. Ho har tidlegare hatt sin eigen skule og undervist i akvarellmaling i Europa.
«Det burde vært kø fra Eia til Helleland for å kjøpe bøkene til Bent Eia.»
- Arnt Olav Klippenberg, journalist i Stavanger Aftenblad.
Boka kan tingast hos Lyrikkforlaget:
https://www.lyrikkforlaget.no/no/shop/puslespelbrikker-1894
Puslespelbrikker
Lat dagane vera fine
puslespelbrikker
som passer
mellom livet ditt og mitt
Så legg me brikkene
sånn at dei
vever oss saman
i ein uløyselig knute
Kryssa du landet mitt
utan at seia ifrå?
Kryssa du sjela mi
utan at eg merka det?
Kan henda gjorde eg det sama
Som om me var lys
som brant ut
utan at någon såg det
Stearinen draup
ned i gløymselen
Kan henda
blir me små
når me tenkjer
på det store universet
Men
me er ein del
av det uendelege altet
Er me ikkje då
uendelege sjølv?
Er me ikkje
uendeleg verdfulle?