"Der er ein planet" er mi andre diktsamling.
Boka spenner frå det næraste til det fjernaste.
Tema er mellommenneskelege forhold, natur, miljø, uretten i verda, filosofi og psykologi.
Dikta er skrivne over eit langt tidsrom, frå 1979 til 2006.
Boka er illustrert av Aud Rye, som bur i Oslo.
Der er ein planet
ein stad mellom oss
bebudd
av ufødde draumar
som ventar i skumringa
på natt.
Ein planet
der havet er ei gåte
og landjorda
er svaret.
Til hestehoven
Om sommaren og hausten
samlar du energi frå sola
i grøne parabolblad
Om våren
gjev du sola sin farge
til dei som
plukkar blomane dine
eller bare ser
på dette gule underet.
Livet er ein vakker blom
me skal gle oss over.
Du treng ikkje veta
alt botanikaren veit
for å gjera det.
Du kan sjå
du kan lukta.
Men ikkje plukk
livet sin blom.