"Veggene var for tjukke" er mi første diktsamling.
Boka er skrive frå eg var 19 år gamal til eg gav ho ut i 1993. Då var eg blitt 36.

Eg synes det var fint å sjå sine eigne dikt på trykk. Og det synes eg i dag og.


Viss du
viss eg
viss alle
var sin eigen drøum
om seg sjølv.

Då ville me sakna
vårt hemmelege indre.
Me ville kjenna oss
nakne,
og gjøyma oss.
Me ville ynskja at me var
usynlege,
så me kunne gå omkring
og sjå
utan at bli sedde.


Om eg kunne lesa
tankane dine,
Sfinks,
ville eg kan henda bli som deg,
få steinansikt
og stirra blindt
framføre meg.

Bli ein Sfinks
som einkvan eingong
vil tyda tankane til.
© 2022 Lyrikaren Kontakt meg